Personleg Trenar (PT)

Marte Tveiten Øya

Treng du hjelp med å nå måla dine innanfor trening? Anten om det er å setje treninga  i system, gjere øktene meir effektive, få ny inspirasjon til nye øvingar, veiledning til teknikk, bli betre kjend i styrkerommet, eller rett og slett bare starte å trene? Dette kan eg hjelpe deg med. Eg vil hjelpe deg slik at me kan nå dine mål saman.

Ikkje nøl med å ta kontakt for ei utforpliktande samtale.
Tlf: 41556628
Mail: pt.marte.t.oya@gmail.com 

Eg tilbyr:
PT-time 60 min:
Dette er den økta som er vanlegast å bruke. Ho er lang nok til å rekke over heile kroppen og inneheld oppvarming. Tilrår denne dersom du ikkje er så godt kjend med styrketrening frå før, sidan du vil få korrekt rettleiing til å gjennomføre øvingane slik at du kan nå måla dine.  Denne økta blir også brukt til dei meir erfarne som treng eit løft i treninga.

PT-time 30 min:
Denne økta er perfekt for deg som har ein travel kvardag, men vil få sett treninga i system med korte og intensive økter. Øktene varar ikkje lengre enn 30 min, og effektive øvingar vil bli tatt i bruk, slik at du skal få best mogeleg utbyte av treninga di. Høver også for dei som ønsker å ha fokus på ei bestemt muskelgruppe eller som treng rettleiing til visse øvingar. 

PT-time duo:
Timen for deg som ønsker å trene saman med ein venn. Når ein trenar i lag med andre, aukar motivasjonen og de kan pushe kvarandre. I løpet av denne økta vil de bli rettleia og motivert, og de avgjer sjølve kva som skal ha hovudfokus gjennom denne økta.

Prisar:
PT-time 60min : 500 kr 
Pt-time 30min: 300 kr 
PT-time duo: 700 kr 
Treningsprogram: 250 kr
Ved fyrste kjøp av PT-time vil det vere inkludera eit skreddarsydd treningsprogram til deg, og den timen du vel. 

Kontakt Marte

Bli medlem

Klikk her for å bli medlem hos oss

Bli medlem