Gruppetrening

Her kan du se våre gruppetimar

Funksjonell Styrke

Funskjonell styrketrening er kort sagt ein treningsform som innber at du trenar meir enn kun ein muskel.
Med forkus på bevegelighet, balanse og kordinasjon og øvingar som aktiverar fleire forskjellige musklar samtidig.
Målet med funskjonell styrketrening er å utvikle styrke og funksjonalitet i bevegelsane. Timen passar for alle og øvingane kan tilpasast ved behov.
Saman jobbar me oss gjennom 55 minutt med styrkeøvingar for heile kroppen.

Mage-Rumpe-Lår

Morgen-Yoga m/ Elisabeth

Me begynner med rolige øvingar som hjelper til å auke fleksibiliteten i kroppen, og går over i moderate dynamiske sekvensar som gir varme og styrke. Timen startar med "nullstilling" av nervesystemet gjennom fokus på pusten og me avsluttar med avspenning. Timen kan brukast som ein treningstime før arbeidsdagen, eller som ein energigivande overgang frå fritid til jobb. Med sin kombinasjon av røsle og kvile, vil denne timen gje påfyll og ny energi, samstundes som den med sine mange verktøy til stressreduksjon, gjev ro og kvile.

Pilates

Pilates-metoden er ei form for kvalitativ styrketrening med stabilitet og kroppskontroll som mål. Det handlar ikkje om å "pumpe" opp musklane for at dei skal bli så store som mogleg, men heller å forlenge muskulaturen. Hovudfokus i Pilates er på eit sterkt senter eller mageområde, og handlar om å byggje den indre støttemuskulaturen grundig opp frå botnen av, slik at vi kan bere kroppen vår på ein riktig måte. Ein trener Pilates med rolege og skånsame, men effektive øvingar. I desse øvingane er ein heile tida i rørsle, ein stoppar sjeldan opp i statiske posisjonar. Og alt skjer i takt med roleg innpust og utpust. Pilates gir resultat på ein rask og effektiv måte. Pilates er ein flott måte å trene på for å førebyggje skadar, men og flott viss ein slit med nokre "vondtar" her og der.

Quick-fix

Quick-fix er ein effektiv time der me tek for oss både kondisjon og styrke. Timen er delt inn i intervallar med varierande lengde og utfordrar din aerobe og anaerobe kapasitet. Passar god for deg som likar ei treningsutfordiring, og som har treningsgrunnlag frå tidligare. Økta kjørast til fensjande musikk, med ein instruktør som motiverar og pushar deg til å ta ut det lille ekstra.

Seniortrim

Målet med denne timen er å bedre kondisjonen, behalde/betre styrke og jobbe med balansen til godt vaksne. På timen er det ein lett tone og alle er velkomne. Det er alltid ein øvelse som passar for deg.

Step

Styrke Basic

Styrke Basic er ein enkelt og effektiv styrketrening med stang og eigen kroppsvekt.
Me kjører styrkeøvingane til fengjande og motiverandre musikk der du får styrka heile kroppen.
Belastinga regulerast etter eiga fysisk form og behov. Instruktøren lovar trygg rettleiing og motiverande tilbakemeldingar gjennom timen.

Sykkel Lett

Dette er ein time som er tilpassa for deg som er ny på trening og vil koma igang med sykling i sal. Det er gjennomgang av sykkelinnstillingar før vi sett igang med økta. Målet med timen er å betre utholdenheita. Instruktøren ledar deg gjennom forskjellige arbeidsperiodar til motiverande og fengande musikk.

Sykkel Medium

Målet med timen er å betre utholdenhet. Instruktøren guider deg gjennom forskjellige intervaller til motiverande musikk. Intervaller, tempo, takt og ståande perioder er litt lengre og raskare enn på ein sykkel lett time. Dette er ein time som passar for deg som har sykla litt før eller er vandt til mosjon.

Sykkel Hard

Målet med timen er å betre utholdenheta. Instruktøren guider deg gjennom forskjellige intervallar til motiverande musikk. Intervaller, takt, tempo og stående perioder er lengre og hardare enn på andre sykkeltimer. Dette er ein time som passar for deg som har trena frå før, og vil arbeide hardt på sykkelen. Du skal vera veldig sliten når du går ut av denne timen.

TRX

TRX er ein slyngetreningstime, der du forbedrar styrke, fleksibilitet, balanse og uthaldenhet gjennom funksjonelle øvingar. Du benyttar di eiga kroppsvekt for å skape motstand under treninga, og kan derfor justere vanskelighetsgraden, uansett fysisk form. Slyngetreningsprinsippet er blir benytta innan mange idrettsgreinar, som blandt anna langrenn, syjkling, løping og har ein unik evne til å styrke kjernemuskulaturen og virke skadeførebyggande på blandt anna, rygg, kne og skulderplager.

Yoga m/ Lene

Yoga med Lene er ein rolig, dynamisk yogaklasse basert på Ashtanga yoga med sitt fokus på flyt, pust og teknikk. Me jobbar med fysiske øvingar som gjev styrke, smidighet, auka kroppsbevissthet, balanse, konsentrasjon, energi, løyser opp spenningar og gjev eit rolig sinn. Nokre gonger brukar me TRX som hjelpemiddel på timen, som blant anna stabilitetsverktøy og støtte i eit utval yogaøvingar. Me avsluttar med ein djup shavasana/avspenning. Timen passar for alle.

Zumba Gold

Zumba Gold har alle elementene du finner i en vanlig Zumba Fitness time, men vi unngår hopp og raske dreininger. Passer for alle som liker å bevege seg til musikk.

Bli medlem

Klikk her for å bli medlem hos oss

Bli medlem