Tryggleik- og trivselsreglar

Tryggleiksreglar

  1. Fylgje instruksar frå Sterke-Nils tilsette når det gjeld treningsmetodar og handtering av treningsutstyr. Det er ikkje lov å henge på ekstra-vekter utover det som er i den enkelte maskin.
  2. Bruk bare sko som er meint for trening inne, samt kle deg funksjonelt.
  3. Bare tilsette på Sterke-Nils senteret får rettleie og trene medlemmar.
  4. Barn har ikkje adgang til treningssenteret. Aldersgrense for medlemskap er 15 år inneverande år.

 

Trivselsreglar

  1. Møt i god tid til gruppetimar. Meld deg av så tidlig du kan, minimum ein time før gruppa startar. Kjem noko i vegen etter fristen, sei i frå/ring til Granvin på tlf.nr. 35 06 59 90 eller direkte til instruktøren.
  2. Vis omsyn til andre. Bar overkropp eller klede som kan virke støytande, er ikkje tillatt på Sterke-Nils senteret.
  3. Bruk alltid reint treningstøy. Ver nøye med kroppshygiene.
  4. Ta omsyn til allergikarar, moderer bruk av parfyme og liknande.
  5. Musikkanlegg og tilhøyrande utstyr skal bare handterast av tilsette. Dette gjeld også ved bytte av musikk-kanal.
  6. Tørk av treningsapparata etter bruk. Papir og reinhaldspray finn du fleire plassar på senteret.
  7. Bare flytande kalk er tillatt i styrkesalen. 
  8. Ikkje slipp manualar, vektstenger og vektskiver ned i golvet. 
  9. Legg tilbake utstyr etter bruk; matter, vekter, strikkar m.m.
  10. Slipp andre til på treningsapparatet når du har pause.
  11. Ta alltid omsyn til andre medlemmar ved fotografering og filming på treningssenteret. Spør alltid om lov til bruk, om andre medlemmar hamnar i bilete.
  12. Ikkje et inne på senteret. Vi har eit bord med stolar i gangen utanfor garderobane.
  13. Hjelp til med å halde eit lågt støynivå og eit hyggeleg språk. Bruk god folkeskikk slik at alle trivast.

 

Doping

Sterke-Nils senteret samarbeider med Antidoping Norge, for å halde senteret fri for doping. Vår definisjon av doping er bruk av prestasjonsfremjande midlar, som kjem fram av særskilt dopingliste for treningssentre. Sterke-Nils senteret vil i samarbeid med Antidoping Norge kunne utføre dopingkontroll, og be medlem samtykke i å la seg teste for dopingpreparat. Om eit medlem testar positivt, eller ikkje samtykkar i å la seg teste, vil Sterke-Nils senteret kunne seie opp medlemsavtala med umiddelbar verknad.

Bli medlem

Klikk her for å bli medlem hos oss

Bli medlem