Til deg som er i barselpermisjon – og som har lyst til å halde deg i form


Sterke-Nils senteret ynskjer å tilby ei gruppetrening spesielt tilpassa dine behov, tysdagar kl. 10:00 – 11:00. Babyane er naturlegvis med på gruppa, sovande eller meir livlege.

Gruppetilbodet vil gå over 6 veker (05.04, 19.04, 26.04, 03.05, 10.05 og 24.05). Gruppa er leia av Tone Anne Byberg.

Dersom du er medlem på Sterke-Nils senteret, er tilbodet gratis. Ynskjer du ikkje å bli medlem på senteret no, kan du likevel delta på gruppa. Prisen for deltaking blir då kr 750,-.

Påmelding på e-post til mette@granvinkulturhus.no innan 31.mars.

Maks 8 vaksne gruppedeltakarar.

Håpar å sjå deg.

Bli medlem

Klikk her for å bli medlem hos oss

Bli medlem