Sterke-Nils senteret er ein avdeling ved Granvin kulturhus as som er Seljords storstove og møteplass for mange kultur- og idrettsarrangement.

I dag er det 8 fast tilsette på huset, i tillegg til fleire ekstrahjelper og instruktørar. Sterke-Nils senteret er eit flott treningssenter med styrkerom, spinningsal med iQniter, gruppesal og squashhall. Det er 15 instruktørar knytta opp til senteret.

www.sterkenils.no

Treningssenteransvarleg 100% stilling

Sterke-Nils senteret ser etter deg som er sjølvstendig, utåtvend, løysingsorientert, fleksibel og service innstilt.

Vi kan tilby ein variert og spennande arbeidskvardag i et aktivt og positivt miljø.

Arbeidsoppgåver

  • Gruppetimar og ansvar for instruktørane
  • Medlemshandtering og oppfølging. Lage treningsprogram med meir
  • Resepsjonsarbeid
  • Ansvarlig for sosiale medier, markedsførings materiell og digital markedsføring
  • PT og ansvar for PTar
  • Utvikling av nåverande treningstilbod
  • Resultatorientert

Kvalifikasjonar:

· Utdanning innan trening

· Erfaring frå treningsbransjen

· Må beherske pc og digitale verktøy

· Kan handtere sosiale media og lage marknadsførings materiell

Personlege eigenskapar:

  • Gode kontaktskapande eigenskapar
  • Evne til nettverksbygging og samarbeid.
  • Initiativrik, kreativ og nyskapande

Vi kan tilby

· Variert og spennande arbeidsdag

· Gode pensjonsordningar i Storebrand (5%, der arb.gjevar betalar 3%),

samt Gruppelivsforsikring og Behandlingsavtale Plus

Stillinga vil medføre kvelds- og noko helgejobbing. Løn etter avtale.

For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med dagleg leiar Geir Jensen 901 57 104. Søknad og CV sendast til post@sterkenils.no innan 10. september 2021.

Bli medlem

Klikk her for å bli medlem hos oss

Bli medlem