Sterke-Nils-dagen 16. november 2019

Vi har i år gleda av å dele siste nytt med deg: Sterke-Nils-dagen er tilbake på planen:) Årets utgave blir eit heilt nytt opplegg som vil leggje vekt på lagånd og «teamwork».

Har du sett Mesternes Mester på NRK og tenkt: Det skulle eg gjerne vore med på? NÅ har du sjansen! Få med deg vennegjengen, kollegaer, familie, studievenner, nokon frå fotballaget eller kven du måtte ynskje og set saman eit lag. De må vere fem personar, finne eit namn på laget og vere klar for utfordringar av fleire slag.

Alle som har drive med lagidrett, eller har måtta samarbeide i andre situasjonar, veit at alle har ulik styrke på forskjellige område. Det er det viktigaste denne dagen, å vere allsidige og kunne samarbeide. Kven taklar smerte, kven er best under press, kven kan memorere og hugse det mange andre overser, og kven er den mest uthaldande? Nokre oppgåver krev berre éin eller to frå kvart lag, mens andre øvingar krev at heile laget samarbeider for å gjennomføre øvinga på best mogeleg måte eller kortast mogeleg tid.

Dei tre laga som gjer det best samla sett etter flere type øvingar, kjem til finalen. Då skal det kjempast om heider og ære gjennom tre tøffe øvingar for å avgjere kva for eit lag som fortener tittelen: Meistrane over alle meistrar 2019.

Dagen er open for alle, Sterke-Nils-medlem eller ikkje!

Påmelding for lag opnar 16. oktober, meir informasjon kjem når dagen nærmar seg.

Påmeldingsavgifta, kr 250 kr pr lag, må betalast innan 10. november.

Bli medlem

Klikk her for å bli medlem hos oss

Bli medlem