Konvertering til nytt system på Sterke-Nils senteret

1. september går Sterke-Nils senteret over til eit heilt nytt system for medlemshandtering, heimeside, påmelding til grupper og fakturering.

Vi ønskjer derfor å informere om korleis det nye systemet fungerer.

Medlemshandteringa vil nå foregå i Exceline som er ei godt kjend bransjeløysing i treningssenter-verda, der dei har ein stor del av marknaden. For oss vil det seie at vi går over frå fire ulike system og over i eitt system som handterer alt når det gjeld våre medlemmer, fakturering osv. Exceline samarbeider med ei bedrift som heiter CrediCare, og som tek seg av faktureringa. Det vil seie at det er CrediCare som fakturerer deg for treninga på Sterke-Nils-senteret, om du ikkje betalar med kort på Granvin.

Exceline fungerer slik at du betalar treningsavgifta frå den 1. i kvar månad. For at alle medlemmer skal komme på lik line når det gjeld betaling frå 1. i månaden, inneber dette at første månads faktura/betaling blir avrekna etter startdato for ditt medlemskap. I tillegg vil nye medlemmer og dei som har medlemsnummer under 1900 få påslag av kr 200 for nøkkelkort. Med nytt system vil det nå vere ei kortavgift og ikkje lenger eit depositum. (Vi starta fyrst med depositum på nøkkelkort frå medlemsnummer 1900.) For å unngå fakturagebyr for dei som vel avtalegiro er det viktig at du i løpet av september går inn på heimesida og opprettar avtalegiro. (Det blir ikkje fakturagebyr på fakturaen du får i september.) NB! Om ein med månadsmedlemskap vel å betale månad for månad og ikkje avtalegiro, er det viktig å forlenge medlemskapet før avtaletida går ut. Nøkkelkortet vert stengt når avtaletida for kortet er ute. Det kostar kr. 50,- å aktivere kortet og medlemskapet igjen.

Innlogging og booking

Alle vil måtte logge seg inn som ny brukar av systemet på den nye heimesida for å få tilgang til booking av timar og «min side» og for eventuelt å opprette avtalegiro. Den nye heimesida har same adresse som den førre, nemleg sterkenils.no

Trykk på fana «TIMEPLAN» – du vil da få opp vala «LOGG INN» og «NY BRUKER», der du må velje «NY BRUKER» for å få tilgang til systemet. Her tastar du inn mobilnummeret som er registrert på ditt medlemskap for å få tilsendt ein eingongskode som fungerer som ditt passord ved fyrste innlogging.

Når du er logga inn, byter du til eit passord du skal velje sjølv, og som du må hugse. Då har du oppretta brukar og vil få tilgang til booking av timar og mi side (der du kan sjå dine besøk og betalingar), og du kan gå inn for enkelt å opprette avtalegiro.

Avtalegiro

Dei fleste av medlemmene våre har valt avtalegiro i tidlegare system. Ettersom vi nå har ny bankkonto og ny database, må denne dessverre opprettast på ny. Det er heldigvis ein enkel prosess med vårt nye system, når du har registrert deg som brukar og laga ditt nye passord.

På framsida til heimesida finn du ein «knapp» der det står «OPPRETT AVTALEGIRO», klikk deg inn her og tast deretter inn telefonnummeret ditt.

Vi tilrår medlemmene våre denne løysinga for å sleppe å betale fakturagebyr på kr. 60 frå oktober.

Innmelding på nett

Vi vil nå endeleg kunne tilby å kjøpe medlemskap online. Dette er ein enkel måte å melde seg inn på. Ein får tilgang til senteret med berre nokre få tastetrykk. Ved innmelding på nett vil ein etter registreringa motta ein kode som fungerer som nøkkel fram til ein hentar nøkkelkortet sitt på Granvin.

Det vil også bli mogeleg å kjøpe dagsbillettar i denne funksjonen. Men, det er ikkje studentrabatt på dagsbillettar på nettet.

Kortet er meir enn eit nøkkelkort

Ditt nye medlemskort er meir enn eit nøkkelkort. I døra blir det brukt til besøksregistrering, inne i styrkesalen blir det brukt til å registrere oppmøte på gruppetimar (du får billett) og påmelding til gruppetimar.

Vi gler oss til at vårt nye system skal fungere. Vi har stor tru på at dette vil gjere treningskvardagen enklare for både deg og oss!

Har du spørsmål, kom med dei 😊

Mvh Cecilie og Mette

Bli medlem

Klikk her for å bli medlem hos oss

Bli medlem